Sognefjorden kystpark

Sognefjorden kystpark er Norges fyrste kombinerte regional- og geopark. Området som ligg heilt vest i Norge, der Sognefjorden, Dalsfjorden og Åfjorden møter Nordsjøen, byr på ein helt spesiell geologi og ein rik og levande kystkultur. Parken jobber mot å få Unesco global geopark status .

Nettverk og samhandling er viktige kjelder til trivsel. Kommunane i ytre Sogn er små  med få innbyggarar. Dette kan representere ei utfordring, men på mange område får det fram noko av det som alltid har vore styrken til små kystkommunar: å kunne snu seg rundt, bruke ressursane som finnast eller moglegheiter som dukkar opp. Det gjev fleire bein å stå på, og gjer ein meir fleksibel og motstandsdyktig. I denne regionen er det  mange som driv  med fleirsysleri, og det finnast mange små føretak som tilbyr ulike tenester, eller haustar av ressursane på ulike måtar. I dette samfunnet vil  langsiktig arbeid på tvers av ideelle og kommersielle interesser kunne  løfte fram og profilere disse ulike små, men viktige initiativa.

Ved å styrke verdsetjinga av dei menneskelege og dei natur- og kulturbaserte verdiane som finns i området vårt, er det eit mål å auke livskvaliteten til innbyggarane og  byggje felles identitet og stoltheit over naturen og ressursane i regionen.

Det har over fleire år vore jobba godt med å rigge organisasjonen til vera både ein regional og geopark , og  for å møte krava frå Unesco knytt til ein Unesco Global geopark staus. Det har vore gjennomført ein forstudie og eit forprosjekt knytt til dette, og det er etablert fleire grupper som jobbar opp mot lokale og nasjonale myndigheiter.

Sognefjorden Kystpark har i ein årrekkje jobba med er å etablere Hardbakke Villsaulag, som no er nominert til Europarådets landskapspris for sitt innovative prosjekt “Landskapsskjøtsel og villsaudrift som modell for ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling»!  Her prøver ein å involvere lokalbefolkninga og skulen i landskapsskjøtsel og lokal matproduksjon basert på en 5000 år gammel tradisjon med beiting og brenning av kystlyngheia.

“Skippartaket” er eit årleg arrangement der fire av parken sine partnare i bygningsbransjen går saman om å redde eit kulturminne på dugnad for å setje fokus på bygningsvern og kystkultur.

Vidare har Sognefjorden kystpark har etablert eit kulturnettverk i medlemskommunane der ein samarbeider om å formidle regionen si særeigne kultur til skulane.

Ansatte

Styreleiar

Om parken

Dette er ein ein medlemsstyrt park organisert som eit lag, der medlemene kan vera alt frå privatpersonar, verksemder, kommunar, til folkelege lag og organisasjonar.

Sognefjorden Kystpark sitt føremål er å koordinere og utvikle eit langsiktig samarbeid for å ivareta, skape verdiar av, og formidle dei særeigne natur- og kulturverdiar som regionen i Ytre Sogn har.

Sognefjorden kystpark sitt styre (2019):

Trude J. Søilen (styreleiar)
Franziska Ruettimann
Ole Andre KLausen
Arne Osland
Gry Buer
Håvard Mongstad
Marita Solheim
Anne Kristine Dyrdal

David Gåsvær (vara)
Nils Bjørgo (vara)
Linda Landøy (vara)

Parkens suksesshistorier

Rull til toppen