Nærøyfjorden Verdsarvpark

Nærøyfjorden Verdsarvpark har som føremål å vere pådrivar og støttespelar for ei natur- og kulturbasert samfunnsutvikling med forankring i verdsarvstatusen til Nærøyfjordområdet

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein av dei første norske utgåvene av regionalpark og er eit resultat av utviklingsprosessar som har starta på grasrota. Etableringa sprang ut av eit ønskje om eit heilskapleg grep om natur- og kulturbasert samfunnsutvikling og eit behov for å samordne kommunar og aktørar i tilknyting til verdsarvområdet.

FRÅ VOLUM TIL NISJE

Som mange andre bygdesamfunn har Aurland utfordringar i høve til fråflytting, svak næringsutvikling, konfliktar rundt naturvern og ivaretaking av natur og kulturarv.  Ei dagsaktuell problemstilling er den dramatiske omstillinga i landbruket. I Aurland meir enn dei fleste stader aktualiserer dette eit tidsskilje frå volumproduksjon til nisjeproduksjon. Stadig fleire i landbruket ser nye mogelegheiter i å tilby innhald i eit til no relativt gjennomfartsdominert og passivt reiselivsprodukt. Kan den regjerande transport-, overnattings- og serveringsfokuserte reiselivsnæringa finne eit interessefellesskap med den nye opplevingsbaserte landbruksnæringa? Kan ei slik økonomisk utvikling sameine vern og utvikling på ein forpliktande måte?

FELLES PLATTFORM OG MØTEPLASSAR

Erfaringar frå dei europeiske regionale naturparkane viser at dette faktisk er mogeleg under føresetnad av to vilkår er til stades: – at ein maktar å samle seg om ei felles kvalitativ plattform – at ein maktar å etablere møteplassar og rammeverk for strategisk samhandling mellom alle aktørar med legitime roller å ivareta i dette biletet.

Ansatte

Dagleg leiar
Parkforvaltar - kulturminne og formidling
Prosjektleiar - vandring og verdiskaping
Prosjektleiar

Om parken

Bjørg Eldrid Fritsvold Varamedlem
Sigbjørn Hauge Varamedlem
Linda Merkesdal Varamedlem
Jan Olav Fretland Varamedlem
Svein Tufte Varamedlem
Gunn Beate Sjøthun Varamedlem
Leif Inge Hauge Varamedlem
Maria Baudonnel Medlem
Frode Tufte Medlem
Trygve Skjerdal Varamedlem
Tone Rønning Styremedlem
Ingjerd Dymbe Anda Styremedlem
Noralv Distad Styremedlem
Siri Wølneberg Bøthun Styrenestleiar
Audun Mo Styremedlem
Hans Erik Ringkjøb Styremedlem
Liv Hatleli Gilpin vara
David Underdal Styreleiar

Postadresse: Helabrotet 2A , 5745 Aurland

Besøksadresse: Heradshuset, Helabrotet 2A, 5745 Aurland,  2. etasje
Måndag – Fredag kl.09.00 – 16.00

Rull til toppen