Fjordkystparken og kommunane har vunne nasjonal Fremtidspris for kommunene

Parkinitiativet Fjordkysten regional- og geopark vann 150 000 kroner i KLP (Kommunal landspensjonskasse) sin Fremtidspris for kommunene. Den 1. desember vart det klart at Fjordkysten regional- og geopark kom på andre plass i den gjeve kåringa
PErsoner padler kajakk på havet i solnedgang. Bildet er fra Fjordkysten regional- og geopark. Solund-Lågøystolane. Foto Magnus R. Furset
Solund-Lågøystolane. Foto Magnus R. Furset

– Dette var ei gledeleg nyheit som gjev oss ei stor anerkjenning for det arbeidet som er lagt i å bygge opp parken, samstundes svært motiverande til å utvikle parken vidare. Eg kjenner eg blir så stolt over lokalsamfunna våre og partnarane som vi har i kommunane våre, seier Trude Søilen som er dagleg leiar i Fjordkystparken.

-Vi gratulerer kommunene Solund, Askvoll, Fjaler og Hyllestad i Vestland Fylke med andreplassen i KLPs Fremtidspris 2021 for tiltaket «Fjordkystparken, Norges første kombinerte regional- og geopark». Dere får 150 000 kroner til videreutvikling av dette prosjektet, sa programleiar Heidi Finskas under KLP si direktesending den 1. desember. ( avsnitt nr 14)

 

Les mer om : Fjordkysten regional- og geopark har fått status som Norsk Geopark!

 

Under prisutdelinga beskriv KLP at Fjordkystparken har stor overføringsverdi i form av å vise viktigheit av å skape lokalt engasjement, fellesskap og motivasjon til frivillig arbeid. Ordførar i Solund kommune Gunn Mongstad nominerte tidlegare i år kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll til den gjeve prisen.

 

– Vi er så glade for at kommunane og fylkeskommunen no verkeleg satsar på dette. Vi har som felles mål å skape meirverdi for befolkninga, bedriftene og dei besøkande i området. Parken skal sette regionen på kartet og gje den eit kvalitetsløft. Det at vi kjem på andre plass i denne kåringa viser at vi er på god veg til å oppnå dette, Seier Alice Vie som er prosessleiar og geolog i Fjordkystparken.

 

Fjordkysten regional- og geopark (Fjordkystparken) er etablert for å skape ei plattform for langsiktig samarbeid mellom innbyggarane, lokale verksemder, skular, organisasjonar og dei involverte kommunane. Dette skal skje i samråd med å ta vare på og utvikle regionen sin natur- og kulturarv.

Les mer om: Vestland fylkeskommune satser på regionalparker og UNESCO-områder

Scroll to Top
Rull til toppen