Valdres natur- og kulturpark

Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna.

Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar. Valdres Natur- og Kulturpark er bygda der eg kjem frå, der eg kan vera, der eg kan vera til. Dette er bygda der du er velkomen, og der vi i fellesskap skal bygge framtidsnæringar tufta på den unike kombinasjonen av natur, kultur og næring.

Samhandling i trivselsbygda

Valdres Natur- og Kulturpark har definert som sin viktigaste reiskap å vera ein arena for samhandling mellom kommunar, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande. Vi skal samhandle om å laga produkt og opplevingar som er unike etter sin eigenart, og som vi kan bygge ei sterk merkevare på – Merkevara Valdres.

Merkevara og verdigrunnlaget

I merkevarebygginga skal Valdres ha eit særleg fokus på:

  • Miljø
    • Merkevara Valdres skal byggast på ein høg miljøstandard i vid forstand. Miljøspørsmål skal også fokuserast i kvalitetsstandardar som blir utarbeida for den enkelte næring.
  • Kultur
    • Merkevara Valdres skal byggast på ein identitet knytt til vår sterke lokale kultur. Her skal vi legge vekt på det vide kulturomgrepet som omfattar alt frå tradisjonskultur og kulturminne, til eit ope møte med det moderne kulturuttrykket i Valdres. Våre kvalitetsstandardar skal til saman synleggjera vår rike matkultur, handverkskultur, byggetradisjonar, kulturlandskap, stølskultur, biletkunst, musikk, dans, lyrikk og forteljartradisjonar. Festivalane er eitt av fyrtårna i kultursatsinga.
  • Det gode og moderne liv i Valdres
    • Merkevara Valdres skal ha sitt utspring i vårt lokalmiljø, eit lokalmiljø som det vil vera positivt å identifisere seg med. Dei gode opplevingar skal vera i fremste rekkje, og Valdres skal med bakgrunn i tradisjonelle verdiar også utvikle urbane kvalitetar. Merkevara må appellere til vår felles draum om det gode liv. Service- og vertskapsrolla skal prioriterast i alle kvalitetsstandardar. Valdres Natur- og Kulturpark vart offisielt opna på Valdres folkemuseum 12. juni 2007 av dåverande landbruksminister Terje Riis-Johansen.

Ansatte

Daglig leder
Kommunikasjonsansvarleg
Kultur- og kulturminnevernkonsulent
Digitale flater og prosjektledelse
Overingeniør, Fylkesmannen Innlandet
Leder av Valdres friluftsråd og folkehelsekoordinator

Om parken

Valdres Natur- og Kulturpark er eit utvida utviklingssamarbeid eigd av dei seks valdreskommunane Sør-Aurdal, Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang.

Gjennom langsiktig merkevarebygging, samarbeid og lokal styring, er målet verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Valdres Natur- og Kulturpark er der du kjem frå, der du kan vera, der du kan vera til. I fellesskap skal vi bygge framtida tufta på vår unike kombinasjon av folk, natur, kultur og næring.

Besøksadresse: Skrautvålvegen 77, 2900 Fagernes
Tel: 61 35 94 50
E-post: post@valdres.no / region@valdres.no

Styret

Mæhlum Robøle Linda Etnedal kommune ordfører -styreleder VNK
Eltun Vidar Vang “ ordfører -nestleder VNK
Ødegård Haldor Vestre- Slidre kommune ordfører
Hougsrud Marit Sør- Aurdal kommune ordfører
Holden Odd Erik Øystre Slidre kommune ordfører
Fjelltun Knut Arne Nord Aurdal kommune ordfører
Skroll til toppen