Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremja av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.
Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on email

Nærøyfjorden Verdsarvpark er sekretariat for Verdsarvrådet. Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal, vart på rådsmøte den 23. juni 2020 valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2020-2021.  Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, vart på same tid valt til nestleiar.

Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal
Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal
Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove
Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove

«Verdsarvrådet si viktigaste oppgåve er å bidra til å ta vare på vårt verdfulle og vakre fjordlandskap. Både vår generasjon og komande generasjonar skal kunne oppleve desse unike verdiane, og samstundes få ei stadfesting på kor viktig kombinasjonen av busetnad, næring, naturbruk og tradisjonar har vore, og er, for å ta vare på dette landskapet. Som leiar i rådet skal eg arbeide aktivt for å videreføre dette».Trygve Skjerdal

Hovudsekretariatet følgjer leiar og vert fom. dd. lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark for dei neste to åra.

«Verdsarvrådet har ei svært viktig rolle og eit stort ansvar. Rådet skal bidra slik at det vestnorske fjordlandskapet vert forvalta på ein berekraftig måte. Vi skal ta vare på desse unike kvalitetane til glede for både samtidige og framtidige generasjonar. Å bli valt inn i leiarskapet for Verdsarvrådet er sjølvsagt både ei stor ære og eit stort ansvar. For meg er dette arbeidet svært viktig, og eg ser fram til det vidare arbeidet i rådet.»

Eva Hove

For meir informasjon og kontaktinformasjon, sjå vedlagte pdf.

Rull til toppen